Droppe til innhold

Nyheter

Canvas app på telefonen

No kjem Canvas

Frå og med august skal alle studentane på OsloMet bruka Canvas i staden for Fronter. Fronter vert stengt 31. august. Her får du svara på spørsmåla dine.

 

Når får eg Canvas?

Du skal ha Canvas frå hausten 2018. Du kan allereie no ta ein titt på Canvas ved å logga deg på. Før utdanninga di tek i bruk Canvas er det avgrensa kva du kan gjera i Canvas. Hugs at Fronter vert stengt 31. august og at du må ta ut dokumenta dine.

 

Kva er skilnaden på Canvas og Fronter?

  • Canvas er ein moderne læringsplattform . Det er lett å bruka Canvas.
  • Canvas vil gje deg meir fleksibilitet i studiekvardagen fordi du har tilgjenge til undervisninga i  Canvas-appen.
  • Du kan bli varsla om aktivitetar som skjer i undervisninga samstundes som du sjølv kan styra kva slags informasjon du ynskjer å få varslingar om.
  • Du kan bruka Office365-produkt og OneDrive saman med Canvas.

 

Korleis loggar eg inn i Canvas?

  • Logg på OsloMets Canvas-side.  
  • Bruk ditt OsloMet-brukarnamn (t.d. s123456) og passord.
  • Er du allereie innlogga i Feide, vert du sendt direkte til Canvas.

 

Må eg vera semesterregistrert for å koma inn i Canvas?

Du må ha fullført semesterregistreringa di og du må ha oppretta brukarkonto for å ha tilgjenge til emna dine i Canvas.

 

Kor kan eg få hjelp med Canvas?

Er det noko du lurar på? Her finn du rettleiingar for Canvas.

 

Finst det ein app for Canvas?

Ja, det finst ein app for Canvas.

 

Kva skjer med Fronter? 

Fronter stenger 31. august, 2018.  Viss du ynskjer å ta vare på dokument, lastar du ned det som du ynskjer å behalde.

 

Kva skal eg gjera med dokumenta eg har i Fronter?

Viss du ynskjer å ta vare på dokument, lastar du ned det som du ynskjer å behalde.

Du har enno tilgjenge til Fronter, men frå og med 31. august vil du ikkje ha tilgjenge lenger.