Droppe til innhold

Nyheter

5 ofte stilte spørsmål før eksamen

5 ofte stilte spørsmål før eksamen

Har du byrja å tenkja på eksamen? Her får du svar på 5 ofte stilte spørsmål!

1. Er eg meld opp til eksamen? 

Du vert automatisk meld opp til ordinære eksamenar. Sjekk likevel i Studentweb at du er meld opp til alle eksamenar (vurderingar) du skal ha dette semesteret.  

Sjuk eller stryk på eksamen? 

Då må du sjølv melda deg opp i Studentweb

 

2. Kor finn eg tid og stad for skriftleg skuleeksamen?  

I Studentweb under Aktive emne. 

Stad vert vanlegvis publisert éi veke før eksamen. Hugs at dei fleste studentane på OsloMet skal ha eksamen i Silurveien 2. 

3. Eg skal ha digital skuleeksamen - korleis fungerer det? 

Viss du skal ha digital skuleeksamen skal du sitja i Silurveien 2 på Ullern i Oslo. Her finn du stadsskildringarr og kart til Silurveien 2.   

  • I Silurveien bruker du ein av OsloMets stasjonære PC-ar som inneheld programvara du treng for å ta eksamen i eit digitalt eksamenssystem som heiter Inspera.  

  • Sett deg likevel inn i korleis du bruker Inspera på førehand, logg inn her: hioa.inspera.no. Les meir om digital skuleeksamen her. 

4. Kva skal eg ha med på eksamen? 

Du må ha med legitimasjon, skrivesaker og eventuelle tillatne hjelpemiddel. 

5. Når skal eg møta opp på eksamensdagen? 

Ver på plass i eksamenslokalet seinast 15 min før eksamen startar. Eksamensvaktene les då opp viktig informasjon til eksamenskandidatane!